Starter: 20.06.2012 18:30:00
Sted: Munkholmen
Teaterlaget i BUL spelar i år Klatremus og dei andre dyra i
Hakkebakkeskogen av Torbjørn Egner i tårnet på Munkholmen. I år er det
Egner jubileum og det vil vi vere med på å feire. Dette er familieteater
der dei minste trygt kan vere med. Vi møter Klatremus, reven, elgen og
bjørnen og dei andre dyra i skogen. Korleis klarar dei å leve saman utan
at nokon et dei andre? Hallvard Lydvo har regien og musikken er ved
Øyvind Jo Heimdal Eik.